Bruksendring Bakke kapell


 

Bruksendring av Bakke kapell

I fellesrådsmøte 26.09 Sak 15/23 vedtok fellesrådet ei midlertidig bruksendring av Bakke bårehus Det er både praktiske og økonomiske grunnar for vedtaket.

Kapellet vart bygd i 1973, og har dei siste åra ikkje vore brukt som kapell. Men bårerommet har vore i bruk fram til i dag. Det har vore utført noko vedlikehald på bygget, men det er behov for oppgradering.


Hovedmotivasjon for dette er å legge til rette for ein plass ein kan gjennomføre vedlikehald på vindu og lausøyre knytt til kyrkjebygga våre. Vi har vindu som er på vei til å dette ut, grunna manglande vedlikehald. Dette må prioriterast, og då har vi behov for å ha ein stad ein kan stå og gjennomføre vedlikehald.

Fellesrådet har difor vedteke ei midlertidig bruksendring av gravkapellet i Bakke. Bygget er robust utforma som gjer at det er godt egna for å utføre slikt arbeid.

Når dette er utført må ein ta stillinga til kav kapellet skal brukast til vidare og gjennomføre dei tiltak og vedlikehald som det då er behov for.

Når det gjeld bårerom, så har ein tilfredstillande kapasitet med den øvrige kapasiteten ein har. Ved å stenge dette, reduserer ein kostander til straum, service og vedlikehald av kjøleaggregat. Ein ser at ved dette kan ein flytte transportkostnader over på pårørande, det er beklageleg, men med dei løyvingane ein har må ein gjennomføre alle mulige sparetiltak ein kan.

Ein ser også på muligheten i dette restaureringsarbeidet både å legge til rette for kursing i lokala og gjennom det også kan legge til rette for dugnad og ein ny møteplass i Bakke. Gjennom dette kan bruksendring av kapellet også medføre ny og positiv aktivitet utover det å få vøle vindu, dører og inventar i kyrkjebygga våre.

Kommunen er orientert og har ingen merkander til at desse endringane vert gjennomført.

Kirkevergen

Tilbake