Vestfossen Urnelund


 URNELUNDEN I VESTFOSSEN

 


Etter eit stykke planlegging og noko utsetting p.g.a. grunnforholda, er no Vestfossen urnelund på plass. Vi tykkjer vi har fått ein svært flott urnelund som inneheld både minnelund med felles gravminne med namneskilt og  urnefelt der ein kan ha eiga gravminne.  Den 25. oktober vart det gjennomført ferdigbefaring. No skal vi få på plass ferdigattest og godkjenning frå  Statsforvaltaren, og når alt det formelle er på plass, kan vi ta den i bruk. Det har vore mykje regn i innspurten, så noko av arbeidet på området rundt, må vi ta igjen til våren. Men ta deg ein tur og sjå, dette er blitt ein svært flott urne og minnelund! 
 

Tilbake